Lesjasangen

Trygt mellom høgfjell og skrånande lier
finn du den bygda som eg har så kjær.
Bortgøymd men kjend ifrå eldgamle tider
grodde ho sakte som mognande bær.

Urlendt og bratt imot sør har vi Kjølen,
ruvande høg er Horongen i nord.
Fjelltindar ville mot vest stengjer inne
kjæraste plassen eg veit om på jord.

Ein gong i tida stod skogen og drøymde,
sulla si vise så inderleg logn.
Trollblankt i dale’ låg vatnet og spegla
villmark og lier i dormande togn.

Heimar vart bygd opp, og åker vart rydda,
grender voks fram gjennom hundretals år.
Villmarksnaturen står att innpå vidda,
stemmer si fele kvar einaste vår.

Kransa om Lågen ligg vêrbarka heimar,
kveldsola kler dei i glitrande skrud.
Lengst oppi bygda med kursen mot Romsdal,
Rauma frå Lesjaskogsvatnet renn ut.

Spor etter hest-hov i Sankt-Olav-svadet
syner at kongen ein gong rei forbi.
Sinclair har og sine minne i dale’:
Stadnamn vart fødde der han gav seg tid.

Høgreist i dale’ i sorg og i glede
strålar vår kyrkje sin fred over grend.
Gravlagd i jord attom kyrkjegardsleet
kviler dei utslitne kvinner og menn.

Tips oss hvis dette innlegget er upassende